Framside

Om laget

Nytt

Historie

Referat/dokument

Låt ó Link

Peikarar

Aktivitetslogg

Valdres Folkemusikklag



Har du problem med å lesa PDF-filer, kan du henta Acrobat Reader med å klikka her.

 


Årsmelding for 1999

Årsmøtet for 1998 vart halde på Vang Kro den 11.3.1999.

Der møtte det seks medlemmer.

Desse vart valde:

Leiar: Nils Leine

Styre: Gina ingeborg Hagen(ny)

Ingrid Skavhaug(ny)

Kari Fagersand(ny for eitt år)

Nils Rogn

Vararepr: Jan Sparstad(ny)

Guro Kvam(ny)

Valnemnd: Bjørg Berge

Karin Trøen

Kari Birgit Lien(ny)

Revisorar: Arne Belsheim

Boye Thorpe

Medlemstal: 63

Styret har hatt 5 møte.

Representasjon

Lag / Møte

Representant(ar)

Vang Sang og musikkråd

Nils Leine 2 møte

Valdres folkemusikklag

Gina Ingeborg Hagen

Utsending på årsmøte i LFS på Gjøvik

Nils Rogn

Premienemnd for Jørn Hilmestemnet

  1. Kari Birgit Lien
  2. Jan Sparstad
  3. Ingrid Skavhaug Vik

Tilstelningar

Konsert med Øyvind Brabant den 3. desember på Åsvang.

Påskefest på Vennis.

Medverking i konsertar m m

Konsert på Asylmottaket i juni

1000-årskonsert 2. januar i Høre

Kappleiksdeltaking

Lokalkappleiken og Runddansstemnet i Bagn. Der slo vi til og slo bl a Full Rulle. Det var fleire deltakarar med i lokalkappleiken.

Jørn Hilme-stemnet. Vi stilte med eit stort lag, og kom like bak Øystre Slidre på resultatlista.

Landskappleiken på Opdal. Gina Ingeborgestleiaren dansa der. Elles var det ingen deltakarar frå Valdreskvelven.

Ungdommens kulturmønstring

Småbukkadn gjekk vidare til fylkesfinalen i Gjøvik Fjellhall. Dei gjorde det så godt der at dei gjekk rett til Ung i Norden, som er ei arrangement organisert av Nordisk ministerråd. Det blir plukka ut unge som driv med ymse slags kulturaktivitetar til å vera med der. Det var i Finland denne gongen.

Strunkeveka:

Her deltok det fleire unge frå Valdreskvelven. Dette er omtala i Låt o Link nr 3-99.

100-års jubileet til Valdres Samband på Valdres Folkemuseum:

Fleire frå laget var med og dansa på Fagernes hotell.

Utlån av instrument

Vi har to feler og to langeleikar til utlån. Felene og ein langeleik er lånt ut. Ein langeleik er i forvaring hjå Bjørg Berge.

Dansegolv

Dette ligg framleis ved Thorpe grendehus, men må få eit betre lager

Cd-utgjeving Denne er stoppa då vi ikkje finn at den har god nok kvalitet for å bli ein CD folk vil høyra mykje på. Men det er godt dokumentasjonsstoff og vi overlet materialet til Valdres Folkemusikkarkiv. Vi har sendt brev til dei som har gitt tilskot og orientert om situasjonen. Ingen har kome med krav om attendebetaling, og styret foreslår at pengane blir overført til ein høgrentekonto. Dei bør øyremerkjast spesielle tiltak innan opplæring og innsamling.

Medlemsaktivitetar

Felegruppa har hatt fleire øvingar i løpet av året.

Nils og Andris har gjort ein stor innsats med dei unge hallingdansarane. Det er no to grupper av unge hallingdansarar.

Vi har gjeve ut eitt nummer av Låt o Link saman med Vestre Slidre.

Vi har samla CD-ar og kassettar som er ute for sal, og prøva å få orden på uteståande betaling.

Søndag 23. januar hadde vi dansekveld med instruktør (Jørgen Trøen) i Thorpe grendahus. Mange deltakarar og fin stemning.

Stønad til Utgjevingar og anna

Vi har støtta utgjevinga av CD-en med Ola Bøe med 2000 kr

Vi har støtta kopi av Røinefela med 1000 kroner

Sluttord

Det har vore eit godt år for folkemusikken i Vang. Det er interesse blant både unge og eldre for dei verdiane som ligg i kulturtradisjonane i song, spel og dans. Dette gjev seg uttrykk i bevisst innsamlingsarbeid og spontan livsutfalding i dans og sang. Dei yngste set spesielt pris på dansen og det å få bevega seg til musikk. Det er tydeleg at musikkforma fenger. Sangen er ivareteken fyrst og fremst av sanggruppa. Det er fleire som er interesserte i denne forma for samvær og utvikling av sangtradisjon. Difor må vi i året som kjem ta tak i dette, og blant anna få inn folk som kan inspirere og rettleie.

Vang, den 5. februar 2000

Styret i Valdreskvelven.

Arbeidsplan

  1. Påskefest på Vennis
  2. Kontakte instruktørar for opplæring av medlemmene, særleg sang
  3. Prioritera danseinstruksjon og dansekveldar
  4. Laga internettside
  5. Internasjonal konsert på VBU
  6. Konsert med Utla
  7. Be Trygve og elevane på årsmøte
  8. Arrangera konsert til hausten med ein kjend kunstnar
  9. Innsamlingsarbeid
  10. Arbeid med bygdeboka med delen om spel og dans i Valdres