Framside

Om laget

Nytt

Historie

Referat/dokument

Låt ó Link

Peikarar

Aktivitetslogg

Valdres Folkemusikklag



Har du problem med å lesa PDF-filer, kan du henta Acrobat Reader med å klikka her.

 


Torgeir Havro (1915 - 1984)

5. august i år var det hundre år sidan spelemannen Torgeir Havro, Tørjer på folkemunne, vart fødd. Han døydde 25. oktober 1984 i Øye.
Torgeir vaks opp på Havro under Sørre Leirhol i Remmisgardo i Vang, og han var nest yngst av ein stor syskenflokk som telte sju gutar og ei jente. Han flytte seinare til Sørre Sveji i Øye i 1947, der han budde sitt vaksne liv som gardbrukar. Saman med kona Berthe, fødd Remmen fekk han ungane Thorleif og Gunvor.
Faren Johannes (1873-1940) kom til Vang som lærar frå Havretunet i Haus, på Osterøya.
Torgeir førte vidare songtradisjonen etter mor si, Berit Larsdotter Leine (1880-1963), som igjen hadde songar etter bestemora, Ingebjørg Jonsdotter Leine, fødd Leirhol (1801-1892). Bror til Torgeir, Olav, fortale at Andris E. Vang i si tid skreiv opp songar etter Ingebjørg.
Torgeir song også ilag med syster si, Karen Nordland, og dei er båe viktige kjelder i Valdres Folkemusikkarkiv. Fem opptak med mora Berit er ein skatt i arkiva til Norsk folkesamling i Oslo.
I alt finst 65 kutt med Torgeir i arkivet; 45 feleslåttar, fem langeleiklåttar og 15 songar, spelt inn mellom 1958 og 1976. Torgeir var ein mangfaldig og komplett utøvar: Han spelte hardingfele, langeleik og som songar hadde han eit variert repertoar med salmetonar, bånsullar, bygdeviser og skjemteviser.

Torgeir lærte av fleire spelemenn i Vang, særlig Torgeir Høverstad, av broren Johannes som spelte fiolin, men også av Torleiv Bolstad og Sigbjørn Bernhoft Osa, som båe hadde kurs i Valdreskvelven på 1960-talet. Desse to vart førebilete for Torgeir, ikkje minst fordi dei kjende spelemennene brann for å føre slåttetradisjonane vidare.

Torgeir var som spelemann ein støttespelar for Valdreskvelven, og han var jamvel leiar i laget frå 1964 til 1969. Han var med eit par, tre gonger på kappleik og han spelte i radioen. Han åtte ei fele laga av Olav G. Helland frå Telemark, ei fele han fekk kjøpe av Torleiv Bolstad. Han åtte også truleg ei fele laga av Kjetil Flatin. Fyrst på 1970-talet kjøpte Torgeir ein langeleik laga av Knut Snortheim

Valdres Folkemuseum hadde ein spesiell plass i hjarta til Torgeir. Han såg verdien av å ta vare på den rike kulturarven, og han meinte Vang hadde ein sentral og særprega plass i valdreskulturen. Han likte godt å spela for turistane i sumarsesongen og ofte var det nok frustrerande for han å ta morgonbussen ned til Fagernes når slåttonna kravde sin mann heime på garden. Han sette også pris på ungdomane som hadde sumarjobb på museet, og mange av dei vart venene hans livet ut.
Som gardbrukarar flest laut Torgeir praktisere ulike handverksteknikkar. Meir spesielt var det at han broderte, flotte klokkestrenger sauma han i ledige stunder.
Torgeir kunne herme fuglelyder meisterleg og var kreativ og humoristisk. Det kom godt med då helsa etter kvart byrja å skrante, og ei vond hofte plaga han. Torgeir var smålåten på eigne vegne, men stolt av familien sin.
Det hadde gleda han stort å sjå at musikkarven lever vidare i familien, og innspelingane i Valdres Folkemusikkarkiv framleis er ei kjelde til inspirasjon og forståing av mangfaldet i musikken i Vang, og i Valdres.

Elisabeth Kværne, Valdres folkemusikkarkiv