Framside

Om laget

Nytt

Historie

Referat/dokument

Låt ó Link

Peikarar

Aktivitetslogg

Valdres Folkemusikklag



Har du problem med å lesa PDF-filer, kan du henta Acrobat Reader med å klikka her.

 


Ola Grihamar
Frå Tidsskrift for Valdres Historielag, 1979

 Tilbake
Meldinga om at Ola Grihamar var død, vart motteken med stor sorg i Valdres. Han var ein ruvande person på så mange område. Fyrst og fremst var han ein dugande gardbrukar og i seinare år ein framifrå turistvert, men det er likevel helst den fine spelemannen me tenkjer på når me høyrer namnet Ola Grihamar.
Han var fødd 6. juni 1910 i Skogstad i Vang og var den eldste i ein syskenflokk på fire brør. Utanom to av brørne hans var det ingen i slekta som spela fele, men han kom likevel til å vekse opp i eit rikt folkemusikkmiljø. Mest alle naboar spela fele, og hardingfela var einaste instrument som vart brukt i fest og lag i bygda den tida. Ola var 13 år gamal då han tok til å prøve seg fram på fela, og den fyrste av dei kjende spelemennene han møtte, var Ivar Ringestad. Det var i 1924 i eit bryllaup, og dette møtet gjorde eit sterkt inntrykk på han, har han seinare fortalt. Av Ivar lærde han etter kvart mange slåttar. Ola hadde også mykje omgang med Johan Henrik Kvam, og av han lærde han mange lyarslåttar. Mange av desse slåttane hadde truleg vore borte om ikkje Ola hadde lært dei. Andre spelemenn som ga han inspirasjon og som han lærde mykje av, var Olav Moe og Ola Skogstad, og elles kan nemnast Anfinn Kvam, Andris Hermundstad og Boye Skeie.
Ola prøvde seg også som felemakar, og han laga fleire feler. Mellom anna var ei av dei fyrste felene han spela på, sjølvlaga instrument. Han hadde fleire gode feler, mellom anna ei Kjetil Flatinfele og ei Røstadfele. Den siste kjøpte han i 1960, og den hadde tidlegare vore i Lorents Hop si eige. Denne var nok etter Ola si meining den beste av felene han hadde.
I 1948 vart det skipa til spelemannslag i Øye, og det var Ola Grihamar som stod i brodden for lagsarbeidet. Laget vart seinare til Valdreskvelven spelemannslag, og her var Ola formann like til for 34 år sidan. Han arbeidde aktivt for å gjera folkemusikken kjend. Såleis var Valdreskvelven spelemannslag under Ola si leiing ofte på scena og underheldt i fest og lag. Sjølv var han ein framifrå forteljar, og han gjorde spelemannssoga til interessant underhaldning mellom slåttane.

Som utøvar var han nøye med at han lærde slåtten rett med ein gong. Han ville ha slåtten akkurat slik som læremeisteren hadde han. Slåttetradisjonen skulle gå ubroten frå slektsled til slektsled. Difor var Ola ein sikker tradisjonsberar. Han la vekt på å tileigne seg slåttar på ulike felestille, og i alt kunne han spela på 8 ulike stille.

Det var ikkje så ofte han deltok i kappleikar, men fyrste gongen han var med, var i landskappleiken på Fagernes i 1957. Då var han 47 år, og han tok fyrste premie i kl. B og rykte dermed opp i Aklassa med ein gong. Men interessert som han var i folkemusikken, var han ofte til stades der godt spel vart framført. Han likte å lye, og få kunne leva seg inn i musikken som han.

Han var ofte nytta som spelemann i festlege samkomer som t.d. bryllaup o.l., og han spela både til dans og til å lye etter. Kan hende er det lyarslåttane hans Ola me vil hugse aller best. Få spelemenn kunne så mange slåttar til å lye på som han, og få var det som kunne trylle fram tonane  dei såre, varme tonane slik som han Ola. Den mest kjende av desse var St. Thomasklukkelåtten. Denne hadde han beinveges frå Olav Moe, og som han vart det for Olav Moe, så vart slåtten også noko av ein kjenningsmelodi for Ola Grihamar. Han spela denne slåtten m.a. ved opningsstemna for den gamle stavkyrkja i Øye i 1964, og Torleiv Bolstad uttala at han ved dette høve hadde spela sers godt. Han spela også denne vakre lyarslåtten ved vigslinga av St. Thomaskyrkja på Filefjell i 1971, og han spela då slåtten frå preikestolen.

Ola var levande interessert i dei gamle kyrkjene i Vang. Han var formann i soknerådet i mange år, og det var han som gjekk i brodden for å attreise gamle Øye stavkyrkje. Likeeins var han av dei som arbeidde mest for reisinga av St. Thomaskyrkja på Filefjell.

Interessa for lokalhistorie opptok han mykje. Såleis var han i ei årrekke medlem i Valdres Historielag og sat mange år i representantskapet for Valdres Folkemuseum.

Ola var berre 19 år gamal då han mista båe foreldra sine og måtte overta garden. Det var nok eit tungt ansvar som vart lagt på den unge guten den gongen, men Ola hadde pågangsmot og dreiv garden på ein framifrå måte like til han for 34 år sidan overdrog garden til sonen sin. Det var sau han interessera seg for, og han bygde for få år sidan nytt og moderne sauefjøs på garden.

Ved sida av gardsdrifta hadde han også interesse for turistnæring, og for om lag 20 år sidan bygde han ut Grihamarstølen på Filefjell til turistverksemd. Her skapte han eit fint sted der gjestene kjende seg heime. Sjøl fann han seg sers godt til rette i dette fjelllandskapet og kom i dei seinare år til å vera det meste av tida si på Grihamarstølen. Med si gjestfridom og lune framferd hadde han dei aller beste eigenskapar som turistvert.

Ola vart gift med Margit Snortheimsmarken i 1940 og dei fekk tre born, to jenter og ein gut. Sonen, som og heiter Ola, er også ein framifrå felespelar og kan ei mengd med slåttar. Det aller meste har han etter far din, og såleis vil mykje av slåttetilfanget hans Ola leva vidare i ubroten tradisjon. Ola hadde og spela inn ei mengd slåttar på lydband. Ein del av dette er å finna i arkivet til Folkemusikknemnda for Valdres, og ein del har han spela inn for Norsk Rikskringkasting og Norsk folkemusikksamling i Oslo, men han hadde nok sikkert det meste i sine private lydbandsamlingar.

Ola Grihamar døydde brått den 5. desember 1978 og vart såleis berre 68 år gamal. Me vil alltid hugse han som det fine menneskje, den trauste fjellbonden og den framifrå tonekunstnaren han var. Ola var ein stor kulturskapar og ein av dei fremste ambassadørane for folkemusikken i Valdres i nyare tid. Me minnest han i takksemd og lyser signing over minnet hans.

Gulbrand Anmarkrud

Bruremarsj frå Vang(MP3)